Ljosland fjellhage
ForsideHistorikk ◊ Plantesamlinger ◊ Plantene Kontakt
Bondehageplanter frå Ljosland
Plantene som er synt her kjem alle frå ein nedlagd hage på Ljosland. Dei fleste er slike planter som var vanlig dyrka i bondehagane, til nytte og pryd, og før i tida óg som lækjeplanter.





Blomeeng
Venstre del av inngongspartiet til fjellhagen er avsatt til ei blomeeng. Fjellhagen ligg i ein halvsirkel mellom Ljosland fjellstove og Monnåni.





Kalkfattig fjellhei / Snauheia
Her syner vi fjellplanter frå den kalkfattige snauheia, slik som mesteparten av heiane her sør er. Plantene i Ljosland fjellhage har si hovudutbreiing på snaufjellet, for det meste i Setesdals- og Sirdalsheiane i Aust- og Vest-Agder. Vi har óg tatt med nokre høgstauder frå dei fine liene i fjellbjørkeskogen, og enkelte andre, ikkje-fjellplanter, men som er vanlege på fjellet.





Viere i fjellet
Her syner vi fjellplanter frå den kalkfattige snauheia, slik som mesteparten av heiane her sør er. Plantene i Ljosland fjellhage har si hovudutbreiing på snaufjellet, for det meste i Setesdals- og Sirdalsheiane i Aust- og Vest-Agder. Vi har óg tatt med nokre høgstauder frå dei fine liene i fjellbjørkeskogen, og enkelte andre, ikkje-fjellplanter, men som er vanlege på fjellet.





Myrplanter
Her syner vi planter som høyrer heime i fuktige miljø, t.d. på myr og i vasskantar. Det fins nok mest såkalla fattigmyrar på Agder med få arter, men det er óg rikmyrer som innheld ein rik flora med kalkelskande planter, t.d. Vidmyr i Bykle.





Høgstaudeeng
På lokalitetar med god tilgong på næring og vatn, kan det utvikla seg eit frodig samfunn med meterhøge stauder. Dei finaste høgstaudeengene i fjellet på Agder fins i Bykle.





Kalkrik rasmark
Frå Hjelmeland i Ryfylkeheiane og nordaustover mot Haukelisæter fins mjuke og næringsrike fyllittskifere. Skiferen kjem så vidt inn i nordvest i Bykle i høgdenivået ikring 1200 m, og her er ein forvitneleg flora ein ikkje finn andre stader i Setesdaleheiane. Fyllittskiferen i bedet her kjem frå tunellane på Haukelifjell.





Raudlista planter
Noreg har underteikna konvensjonen om biologisk mangfald. Vi har her forplikta oss til å take vare på den trua floraen, altså slike arter som er på raudlista. Her i fjellhagen har vi fleire planter som er raudlista, og fleir vil det kome. Vi ynskjer å syne desse fram for publikum.





Frodig støylseng
Framleis kan vi finne rester av rike blomeenger ved heiegarder, støyslvoller og liknande, t.d. ved Bratteli i Bykle. Men gjengroinga med bjørkeskog har kome langt, og bruk av kunstgjødsel kan óg resultere i ein fattig, einsidig flora. Her ynskjer vi å syne ei frodig støylseng.





Frå floraen på Svalbard
Gjennom eit samarbeid med universitetssentret på Svalbard har vi fått nokre planter frå Svalbard for å prøve og dyrka dei her på Ljosland. Forsøka har så vidt kome i gong, med dei fyrste utplantingane i 2010.





Fjellplanter i Noreg utom Agder
Det er mange fjellplanter som ikkje veks naturleg på Agder. Vi prøver å få tak i dei ved hjelp av frøbytte med dei andre botaniske hagane i Norden. Desse plantene har fått sitt eige bed.





Frodig høgstaudeeng
Ved utgongen av fjellhagen har fått plass til nok eit bed med høge stauder. Her syner vi óg stuader som ikkje veks naturleg på Agder, t.d. ballblom og fjellflokk.